Den siste månaden har brukaren erling.haaland lagt ut 427 postar på Instagram. Mange av postane kan tilskrivast lukrative reklameavtalar, som har resultert i omtale av skogiganten Nike, klokkeprodusenten Breitling og massasjepistolen til Hyperice.

Måndag kveld fekk Fredrik Wessel Holst meldingar frå heile landet, om ein stories-post signert Braut Haaland.

– Veit du, Fredrik, at du styrer eit bakeri som blir lagt merke til ...

Den daglege leiaren i Jærbakeren Arne Johannessen kunne gå til sengs med eit glis om munnen, og tok det med på jobb dagen etter.

– Eg synest det er veldig kjekt at ein ung, framstormande gut frå Bryne ikkje har gløymt kor han kjem frå. Me set veldig stor pris på at han liker den fine restauranten han har gått på i sine ungdomsdagar, og at han liker Jærbakeren, seier Holst.

Gratis marknadsføring

At Wen Hua House House i Jernbanegata på Bryne er favoritten til Braut Haaland, er ikkje noko hemmelegheit.

Han har fleire gongar posert på bilde med innehavar Wang Hui Zhu. Ho har ei City-drakt på veggen i restauranten, med ei personleg helsing og meldinga «Verdens beste kinamat!» på.

Måndag kveld var det Jærbakeren som fekk uvurderleg omtale av Braut Haaland. Han la ut ei bilde av ei pakke med lapper, der han med to strekar streka under slagordet «det ekte er alltid det beste».

«Korrekt», la fotballspelaren til.

Dette er berre positivt. Det set oss jo på kartet, når det kjem fram i media. Eg kan ikkje seia noko om kva verdi det har, men me blir jo lagt merke til. Det er kjempegod marknadsføring for eit lokalt bakeri, seier Holst.